Gjenskaping av vedmeis

I 1991 og 1992 hadde Norsk Håndverksinstitutt eit prosjekt med å dokumentere produksjon av vedmeiser og aktarkorger med tradisjonsbærarane Arne Jensen og Syver Horten. Dei er begge døde nå, og såvidt me veit finnes det ikkje nokon som lager slike korger lenger. Heldigvis har Håndverksinstituttet dokumentasjonen frå dette prosjektet i sin database, det fekk meg og Samson nytte godt av.

Me hadde ein samling på eit par dager i januar med Inger Smedsrud frå Håndverksinstituttet for å sjå igjennom både redigert og uredigert film fra prosjektet.

Før jul i fjor hadde meg og Samson ein samling der me prøvde oss på å lage ein meis utifrå ein gamal meis Samson hadde redda frå bostippen. Då var me ikkje sikker på kva materiale meisen var laga av, og prøvde oss med knekking av hassel som teknikk for å lage meisen. Me fant fort ut at det ikkje nytter å få tykke og brede nok materiale kun med denne teknikken, og trengte noko meir informasjon for å få dette til skikkelig!

Det var godt å ha dette forsøket me gjorde friskt i minne då me fekk sjå dokumentasjonen – det er noko med å ha støtt på utfordringene som gjer at ein sit med dei rette spørsmåla – då får ein med seg fleire viktige detaljer enn om alt er heilt nytt.
Vedmeisene var altså laga av splitta selje, og aktarkorgene av splitta vier (desse var laga i Vågå – høgare til fjells, der det veks mest vier).
Me prøver oss då på å splitte selje, men også hassel, bandpil og vier – Arne Jensen hadde ikkje tilgang på hassel, men korgmakere har jo alltid nytta materiale ein hadde tilgjengelig. Eg har mykje hassel og bandpil, og noko selje på garden, og vil derfor prøve meg på fleire av desse materialene.

Vedmeisen er laga av to boger satt saman med vidjer nederst. Endene på bogene danner bein i korga, og ein fletter rundt desse. Her er eit bilde av originalen me prøvde å etterligne:

På bildet ser du Samson som held på med ein vidje – og den store vedmeisen er originalen, mens den lille lyse er vårt første forsøk på å gjenskape den, laga i hassel som er “knekt” på same måten som ein gjer på flisefata – sjå bloggen om flisefat

20190115_100546

Her splittar eg selje.

20190115_100808

 

Her er Arne Jensens oppskrift på vedmeiser – 7 forskjellige størrelser laga han meisene i – og hadde nøyaktige mål på dei. Nummer 4 er utstilt på Maihaugen.

img_0213

Etter me hadde gått igjennom dokumentasjonen – samlast meg og Samson igjen for å prøve oss på å lage ei ny vedmeis. Me bestemte oss for å gå for ein liten versjon – størrelse nummer ein – her ser du begynnelsen på den.

img_0371

Her er fletten kommet såvidt igang, og hjørnestikkene er satt inn. Pinnen på toppen hjelper å holde riktig avstand mellom bogene. Flettinga begynner med ganske tynne fliser å sy med, og auker litt i størrelse oppover korga. Me gjekk nokre omganger rundt bogene med fletten, før me satte inn hjørnestaga på utsida – og fletta rundt dei og utanfor bogene.

img_0382

Samson prøvde seg på ei i brakje (einer) – då det er det materiale han har størst tilgang på, som han bruker i kipene sine.

img_0385

Ein splitter selja på same måte som brakjen – først i to – så dei to i to – og vidare så tynt ein klarar. Den ytterste delen “hondelen” brukes til å sy kanten med.

img_0392

Det at dei tre hjørnestikkene vert lagt utanpå bogen gjer den fine forma på korga. Desse må vere litt kraftigere enn dei andre stikkene (stagene). Ein ser tydelig at eg har valgt nokre altfor tynne stikker – då dei vart bøyde mens eg fletta.

img_0394

Her har eg fletta til topps, og skal klargjere sying av kanten.

img_0407

Her splitter Samson selje.

img_0414

Det er viktig å heile vegen styre splittinga med fingrene for å få den til å følge midten så godt som mogleg.

img_0417

Her har eg lagt ein forsterking – ein tynn selje delt i to – på innsida og utsida, og sydd med hondelen av selja som eg splitta. Bogene vert sydd fast i kanten.

img_0419img_0420

Ferdig! Dette forsøket vart endel betre enn det første – men det er heilt tydelig at det skal mykje øving og prøving og feiling til før me når opp til eit nivå liknande Arne Jensen sine vedmeiser.

img_0427img_0424

 

img_0431

Me vil fortsetja å øve oss i å splitte materiale og lage vedmeiser – og håper denne tradisjonen kan bli holdt vedlike på denne måten.

Det er mange utfordringer i å ikkje ha direkte tilgang på kunnskapen – munnleg frå mesteren, det er mange små detaljer ein må finne utav sjølv – som kor tykke skal stikkene (staga) vere? Kor lang avstand skal dei ha? Korleis gjer ein begge sidene like breie då det er ei side med ein stikke meir enn den andre? (Det må vera oddetalls antal stikker for å få fletten til å gå opp)
Øving og prøving og feiling vil nok få oss til å finne svar på nokre av desse spørsmåla – forhåpentligvis nok svar til at me kan vidareføre denne kunnskapen, og hedra norsk korgmakartradisjon.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s