Eg held kurs i forskjellige korgtyper og teknikker, sjå oversikt lenger ned.
Eg samarbeider med kipemakar Samson Øvstebø, og når me held kurs i lag kan me ta inntil 12 deltakarar. Me kan halde kurs der deltakarane kan velge mellom forskjellige korgtyper.
Eit kurs i vedmeis, aktarkorg, kolfat, knutekorg, vombakorg snik eller tægerbinding bør gå over fire heile dager (32 timar) Kurs i kiper og små aktarkorger eller hasselkorger kan gå over 3 heile dager eller ei helg med fredag kveld, laurdag og søndag.
Kurs i lindebast eller spon kan tilpasses etter kor omfattende ein ynskjer det, men ein bør ha minst ein dag for å få utbytte av det.
Ta kontakt om du ønsker å planlegge et kurs!
Eg har oversikt over dei kursa eg held og helst med link til arrangøren her
Eindel kurs er planlagt i husflidslag rundt om – sjÃ¥ kurskalenderen under emnet tre : http://www.husflid.no/kurskalender

Aktarkorg – ei korg tradisjonelt laga i VÃ¥gÃ¥, fletta i vier eller bjørk. Vart nytta til Ã¥ bere høy og ved, blant anna. Denne korga kan flettes i mange forskjellige treslag og i mange størrelser.

Snik – korg tradisjonelt brukt til Ã¥ bære fisk i under lÃ¥gÃ¥sildfiske i GudbrandsdalslÃ¥gen. Den er tradisjonelt laga i hegg og har form litt som ein ryggsekk. Ein kan feste bæretre eller fatler/seler pÃ¥ den.

Kolvfat/flisefat – korg fletta rundt ei ramme/ring. Funnet nær kull og jernindustri i Alvdal, Finnskogen og i Larvik blandt anna. Fletta i selje, vier eller hassel – nokre stader er ogsÃ¥ grangreiner eller granrøtter brukt. Det finnes forskjellige mÃ¥ter Ã¥ utføre desse pÃ¥, men fellesnevner er at dei vert fletta pÃ¥ ei ramme/ring og ein begynner i kvar side og fletten møtes pÃ¥ midten.

Lindebast – er fiberlaget som ligg mellom barken og veden pÃ¥ lindetreet. Eit materiale med lang historie i bruk som tauverk og i vev bland anna. PÃ¥ kurs kan ein lære Ã¥ lage tau, trÃ¥d og andre flettverk.

Kipe – korg med trebotn, tradisjonelt laga hovedsakelig pÃ¥ vest og sørlandet. Flett i mange forskjellige treslag og uendelig mange former – her er kun fantasien som set grenser!

Vedmeis – ei korg som tradisjonelt er blitt laga i Hedmark og hovedsakelig i selje, men hassel er ogsÃ¥ brukt nokre stader. Den kan lages i mange forskjellige størrelser med forskjellige bruksomrÃ¥der.

Knutekorg – Ein ganske spesiell og unik korg er knutekorga, eller sendingskorg med bøyd ramme. Korga er bygd opp av 4 pinner som danner ei ramme. Denne ramma fylles sÃ¥ med heiltre og flett av selje, bjørkerøtter eller einer i sidene og bunnen.
Dette er ei korg som er funne over store delar av landet og har ofte vore brukt som sendingskorg og ullkorg blandt anna. Dei er ofte malte eller rikt dekorerte med til dømes svidekor, og mengden flett varierer.

Sponkorg – korg laga av høvla furuspon frÃ¥ rettvokst, kvistfri lokal furu. Ei tradisjonsrik korg som var mykje brukt i heile Norden og kan lages i utallige størrelser og fasonger.

Sponkorg av reven furuspon – korg laga av handreven furuspon. Ã… rive spon for hand krever tolmodighet og godt materiale, men korgene er enormt robuste og varige og tÃ¥ler mykje. Slike korger er det tradisjon for over store deler av landet, men spesielt mykje langs svenskegrensa.

Vombakorg – ei rammekorg fletta med tæger (bjørkerøtter). Tradisjonelt laga i Sogn og Nordfjord

Tægerbinding – ein teknikk som er ganske annleis enn fletting, der ein binder rundt ein kjerne, materialet er tæger (bjørkerøtter). I store deler av Norge er det lange tradisjonar pÃ¥ Ã¥ binde fantastiske korger av tæger, bÃ¥de i samisk og norsk tradisjon er teknikken brukt
Ta kontakt på telefon 97655391 eller epost: hege@kurvmaker.no så lagar me eit opplegg som passer deg!










