Eit kjekt oppdrag å få! Museumsbøndene på Maihaugen gjer prosjekt på arbeid med hest, i den forbindelse ynskte dei kopi av kløvkorger som dei kan bruke i formidlinga. To store korger som skal tole mykje!

Me måtte ut å hauste hatl (hassel) til prosjektet gjekk det ca 40 pinner!

Arbeidet med å splitte og bearbeide materiale tok ca ei veke!
Me trengte 22 spiler på ca 130cm, 15 spiler på 100cm og ei røys med fletteband





Til å sy kanten gjekk det 15 meter med syband (tynne ytterskalker av selje eller hassel)
Heile prosjektet tok ca 10 8timers dager – det gjer stor respekt for arbeidet som er lagt ned i desse korgene! Takk til Maihaugen for eit kjekt og utfordrende prosjekt, ser fram til å sjå korgene i bruk når sesongen starter!











