Eg har vore så heldig å komme i kontakt med Knut Byrkjenes Hauso som driv fruktgard på Hauso i Sørfjorden. Hans onkel, som dreiv garden fram til 90-talet – hadde spennende historier å fortelle om Korg Ola som bodde i ei stove i det gamle Hauso tunet, fram til han døde rundt 1920.
Hans navn var Ola Torbjørnson, og han var korgmaker av yrke. Han leigde stova i Hausotunet, og hadde verkstaden sin der.
Stova er no flytta ned til det nye Hauso tunet etter utskiftninga i 1924, og har fått eit lite påbygg.
Korg Ola var kjent for å vera særs god til å pynte jolatre, og det var han jentene ville ha til å kamme og flette håret sitt. Han må nok ha vore nøyaktig, forsiktig og fingernem denne korgmakeren.
Det er usikkert kva korger av dei som er att på Hauso som Korg Ola har laga, det var jekteskippere og handelsmenn i familien også, så korger kan ha komme frå utlandet til garden i den tida.
Men det er no ei fin lita samling dei har, blandt anna ei korgstol som er ganske spesiell og svært lik dei som er avbilda i Knut Knudsens bok. Kven som har laga den er uvisst, men kanskje Knut Knudsen har lært bort sine flettekunster som han lærte i Danmark og Tyskland til Korg Ola på Hauso?
Detalj av ryggen på korgstolen, eit fantastisk flettverk, utrolig detaljert og forseggjort.
Sete av pileskjener, ramme av tykk pil, detaljer i fletta pil. Eit virkelig kunststykke av ei stol!
Ei flott innkjøpskorg, som Johannes hugsar vart brukt når bestemora fór til Grimo for å selja egg. Korgen er laga i pil, pileskjener og noko peddik. Det er derfor tenkeleg at denne korga kan ha kome til gards med jekteskipparar. Om ikkje Korg Ola importerte materiale til korgmakeriet sitt.
Detalj av lokket med hank i vridd pil og lokk i pileskjener.
Ei korg mest sansynlig fletta i hassel eller selje. Spilene er felt inn i bunnen, og det er satt på eit band for å halde dei på plass.
Innsida av korga, som er blåmalt på utsida.
Innfellingene til stagene er skrådd for å låse stagene, og forhindre at botnen løsnar frå kurven.
Stagene er også felt inn, eitt og eitt på innsida av øverste ringen, og festa med små stifter.