Linda

Linda seier: 

Vel er eg ung og laus i yta som ungdom er. 
Men krona mi, under himlens skin har
ein strålesong frå lauvet sitt. Ein song,
eit syn, i frå alle tider og mot alle tider. 
Eg er den ævlege ungdom, eg er
elsk-hugs-underet og eventyret i skogane i Norden.

Kom nær meg!
Kjenn denne honning-ange av unge lekam!
Eg er det unge og ævlegsyngjande honning-angande, 
og soleis sjela i skogane i Norden.
Og kven mæler seg med ævleg ungdom?

- Kristofer Uppdal - 

 

Samon Øvstebø, ein engasjert tradisjonsbærer og kipefletter, kom til Fyksesund for å felle noko lind i midten av juni. Han ville vise meg korleis ein lager tau av lindebast. Eg har lindeskog eg ynskjer å nytta, så det var eit godt bytte.
Borken slapp godt, var lett å få av og me samla den i bunter til bløytlegging i fjorden.

IMG_20180613_124035

IMG_20180613_192148IMG_20180613_194059

I slutten på august kom Samson igjen, for å sjå korleis linda hadde fåna – løyst seg opp . Linda såg bra ut, godt fådde og løsna bra frå barken.

IMG_20180828_120713

Me vaska og reinska og delte opp. Flaka gjekk lett ifrå kvarandre, og me hang det til tørk i naustet.

IMG_20180828_122434IMG_20180828_123438IMG_20180828_135640

20180905_203254

Etter ei veke med tørrvær var linda tørr nok til å ta inn og bunte. No er det berre å bløyte den opp ei lita stund, og lage tau!

20180907_154510

Kvinnherad kystlag skipa til kurskvelder i å lage tau av lindebast i haust. Med ekteparet Steinsland som kursholdere. Jan Steinsland har lært kunsten av Ingvald Skålnes i Åkra – gamle naboen til Samson – for omlag 30 år sida. Ekteparet har holdt vedlike kunnskapen og deler den villig på kurs og messer rundt om i landet.

Eg fekk vera med eit par kvelder og lærte masse. Det aller viktigaste er først og fremst øving, som med alt i handverket. Det vert bedre, enklare og finere når ein gjer det mange nok gonger. Å få inn i fingrane dei mange små detaljane som er viktige å huske på for eit godt resultat.

20180910_17190520180910_173809

Me vaska linda godt, for å få ut limstoffet, og delte flaka heilt tynt.

20180910_173754

20180910_174646

Frå Ingvald Skålnes om å lage bastetau 
( frå boken om Lind av Knut Nedkvitne og Johannes Gjerdåker ): 

Det inste laget, dvs. det laget som låg nærast treet vart kalla bast og det var denne som vart nytta til tog o.a. Det ytste laget, på luftsida, var kalla råso og var ubrukande, vart oftast nyttast til å fyr opp i ovnen med. Var basto godt fådd, delte ho seg i tynne lag. Desse vart so skilde åt, og i lengder opp til kring ein meter vart dei 
bunta. Kvar bunt kalla dei "ei tust". Når dette var ferdig kunne ein gå igang med å spinna totten til toget. Til dette nytta dei eit 
reidskap dei kalla "ei kjegla". Det var eit heimelaga noko uvant 
reidskap, som oftast av ask, med ei sjølvokso kluft i eine enden og 
ein innebort nagle som danna kluft i andre enden. Lengda frå kluft 
til kluft var 1/2 famn (1 meter). Når dei hadde spunne ein omgang på kjegla, hadde dei 1 famn. (.....)
Når ein spann totten sette ein seg i ein stol, og helst bort til eit bord, la kjegla over knea og klufta borti botdfoten. Tok so ein to 
tre bastastrimler og la over den eine fingen i kjegleklufta. La so 
fleire basetastrimlar inni til dess ein fekk høveleg tjukna på totten. So tok spinninga til. Ein spann mot sola, og på den måten at ein 
heiv basta rundt, ein vreid ikkje. So måtte ein passa på å gå med ei breid strimla utenpå for å dekka alle endene. Ein måtte passa vel på at der ikkje stakk ut endar i totten, ellers ville toget flisa seg 
opp. Etter kvart som spinninga skreiv fram, måtte ein passa på å 
leggja inn nye bastestrimler slik at totten vart jamtjukk. Ein måtte passa på å leggja inn slik at ein ikkje fekk meir enn ein skjøt på 
kvar plass, ellers vart toget veikt. 
Når spinninga var ferdig kunne ein ta til med leggjinga av toget. Til dette hadde dei eit særskilde reidskap, ogso nokså uvant. Det var 
ein liten rund stokk, litt utdraga i endene, lik ei snella. Kadl, 
eller bastekadl kallar dei denne. På denne kald vatt ein 2/3 av 
totten. Dei vatt mot seg. No kunne leggjinga ta til. Kjegla vart lagd på golvet og dei trødde på med eine foten, men først var der teke utav so mykje at ein kunne ta til med leggjinga. Ein la mot sola, og 
tok ut av kjegla etter kvart som legginga skreid fram. Når fem famnar var lagde var kjegla tom, og halvdelen teke av kadlen. Toget vart nosnudd og når ein la tilbake i bukta som vart til i snuinga, vart eineenden av totten låst. Når ein kom tilbake til utgangspunktet vart 
siste enden smett gjennom bukta og vart dermed låst. Surren i toget 
held dei fast. Under leggjinga måtte ein passa vel på å få alle tre 
tottane jamnstrama. 
Ein som var van å leggja bastatog, spann eit tog i kveldseta.

20180910_181833

20180910_181826

20181001_173707

Ferdig tau av lindebast, med en enkel takling av lindebasttråd.

20181120_223232

 

Eg lærte òg å laga tynn tråd, heilt enkelt utan nokre hjelpemiddel. Tynne strimler av bast nyttast til dette, tvinnes enkelt i hendene til ein tynn, fin tråd. Tvinn mot høgre og legg mot venstre. Det teke tid, med vert ein nydelig, sterk tråd. Aller finast og jevnest vert den om basten holdes fuktig undervegs. Den tørker fort ut når det er slik ein tynn strime mot varme never.

20181001_192602

Eg synes lindebast er eit utruleg spennende materiale, og vil også prøve andre ting enn å lage tau!
Som korgmaker synes eg det er veldig spennende å prøve forskjellige materialer til å lage korger i ulike teknikker. Her har eg prøvd meg på å lage ei lang flette av lindebasta, som eg så har sydd saman til ei lita korg med voksa lintråd. Dette er same teknikken dei bruker til å lage sivsko på jæren – men der var materiale sjøsivaks. Basta er utruleg fleksibel og sterk, eit fantastisk materiale å jobbe med!

20181121_11533420181121_11543620181121_115353

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s