Splitter Pin(n)e!

No er prosjektet igang – eg har jo igrunnen holdt på siden januar, men no er prosjektet offisielt støtta av Kulturrådet, Kvam Herad og Halldor O. Opedals fond for ålmennyttige formål – og eg kan begynne å offentliggjere arbeidet eg har holdt på med!

Den praktiske delen av prosjektet er nesten ferdig – og rapportering og klargjering til utstillinger på Agatunet og på Hardanger Kulturgalleri er igang!

Det vert utstillingsåpning på Agatunet søndag 2 juni, og på Hardanger Kulturgalleri 2 juli. Eg gler meg til å få vise kva eg har holdt på med i vinter, og til å vise fram den fantastiske reisa eg har hatt gjennom denne læreprosessen.  Meir om utstillingene kjem når det er klart.

Eg er så utruleg takknemlig for alle som har gjort dette prosjektet mulig – fyrst og fremst familien min, som tåler pinnar og spon overalt, og fletting og splitting til alle tider.
Samson Øvstebø er den perfekte tradisjonsberar og samarbeidspartner – eg er utruleg  glad for å kunne hauste av hans kunnskap og visdom. Han er ein handverkar med auge for detaljar og nysgjerrighet til å prøve nye ting. 
Norsk Håndverksinstitutt ved Inger Smedsrud – utan dokumentasjonsmateriale derifrå kunne me ikkje ha gjenskapt vedmeisen.
Arne Fykse, som tålmodig har dokumentert prosessen og forstår kva som er viktig å få fram.
Ein stor takk også til tradisjonsberarane som tålmodig har gitt av sin kunnskap – Knut Skåla, Kjetil Monstad, Mette Falstad og Svein Gerhardsen

Eg setter fokus på splitting av materiale, som er ein ganske dominerande teknikk i korgmaking i Norge, der relativt grovt material vart nytta til fletting. Splitting av hassel, selje, hegg, einer m.m.
Kunnskapen om dette er i ferd med å døy ut, det er svært få som kan formidle kunnskap om innhenting av riktig type material til riktig tid, og riktig foredling av dette. Det er dette prosjektet eit bidrag til å forandre på.
Det er uendelige unytta ressursar i vårt kulturlandskap som er i ferd med å gro igjen, som ein konsekvens av at desse ressursane ikkje vert nytta.

Dette prosjektet er forhåpentlegvis kun byrgjinga på ei lang reise i å tileigne meg kunnskap om korleis lage korger av lokale materiale. Eg har rukket eindel, men har mykje igjen å lera!

Det eg har dukket dypest inn i, og som er største delen av prosjektet er vedmeisen – ei korg som blei laga i stor utstrekning i Hedmark.

Me har tilgode å laga ein vedmeis med plass til 5 ungar! Bildet frå digitaltmuseum

Vedmeis
Det å lera å lage vedmeis, som eg har skreve om før, det viste seg å vera ein utfordrande og spennande prosess!
Ilag med Samson Øvstebø har eg til no laga 8 vedmeiser og me synes me begynner å innarbeide ein  erfaring  om korleis materiale skal kjennes ut, og begynner å få proposjonene på plass. Likevel er det masse igjen å lera om desse korgene og om selja som material.
Samson og eg har funne ein god arbeidsrytme der Samson i hovudsak produserer materiale – splitter pinner og smir (spikker) band – mens eg i hovudsak fletter korgene. Undervegs i flettinga, når eg støter på utfordringar, jobber me saman for å finne løysinga. 
For meg har dette vore ei fantastisk måte å lære på – der eg har tilgang til Samsons visdom og støtte, mens me saman finn ut av å flette korga.

IMG_0981
Her er ein typisk situasjon, der me sit og finner utav korga me bruker som mal, for å finne utav korleis gå fram med flettinga.

Eg har også vore så heldig å komme i kontakt med ei tredje generasjons meisbinder på Hamar! Fekk til eit møte med ho, og håpar på anledning til lengre arbeidsøkt ilag. Det er så spennande å sjå forskjeller og likheter i måten å flette ei korg på. Hennar nedarva teknikkar har mykje til felles med, men også nokre ulikheter i forhold til Arne Jensens teknikkar som me har studert gjennom Håndverksinstituttets materiale.

Det å få med seg fleire nyansar og små justeringar på korleis lage den same korga, er gull verdt. Tilsaman vert alt dette ei stor og mangfoldig immateriell kunskapsbank som er eit godt grunnlag for å bringe kunnskapen vidare.

Flisefat

IMG_0979
IMG_0980

Flisefat er korger laga i hassel, der banda (flisa-det som flettes med) er splittet ved å bøye hasselen på ein knekkekrakk.


Larvik Husflidslag har laga ei flott film om denne teknikken, og held kurs i emnet. Eg har vore på kurs med Reidar Løvås i Larvik når eg var lærling. Denne teknikken er ein veldig spennande teknikk som er litt annleis enn andre måtar å splitte på, sidan ein splitter frå yttersida av pinnane.

I samarbeid med Samson laga eg to korger i denne teknikken – den dype er laga av hassel og den flate er laga i selje, men med same splitteteknikken.

IMG_0695
Hatlaskogen – her ser ein at stubbeskuddskogen er ganske åpen og mykje av hasselen er rimeleg grov. Her vil eg rydde og lage nye stubbeskudd imellom, for å sikre ein god tilgang på materiale mange generasjonar framover.

Kiper
Her finnes enormt mange variantar av kiper og eg har fått lage og sjå nokre av dei. Kiper er tradisjonelt laga både i einer,hassel,selje,rogn, hegg og vier.
Dette prosjektet gir eit lite innblikk i nokre av typene kiper, men eg er fortsatt i startgropa når det gjeld å lage kiper – eg har hatt nokre studieturer, samt laga nokre kiper ilag med Samson Øvstebø. Kipene var praktiske og allsidige korger laga av lokale materialer, og det er ei stor verden å setje seg inn i, og det krever lang trening å mestre alle typer – då kvart materiale må delast og behandlast foskjellig.

Eg tok ein studietur til Havråtunet, fekk sjå møkakipene dei bruker der. Desse kipene er i bruk årleg og vert vøla etterkvart som det trengs.

IMG_0845
Møkakipene på Havrå, laga av selje i stendere og band, dei er ganske kraftige – dei skal tåle ein støyt under arbeid. Kanten er sydd med hesjestreng.


Me reiste óg innom Kjetil Monstad som har jobba på Havråtunet, han tok seg tid til å vise oss ei barnekipe – og korleis han splitter selje og lager band til å flette med.

IMG_0861
Her splitter Kjetil ei lang og rettvokst bandpil
IMG_0863
Her smir Kjetil til ei halvkløyvd bandpil til band.
IMG_0860
Denne kipa vert laga av selje både til stendere og band. Botnen er av furu og kanten er sydd med teger.

4 Replies to “Splitter Pin(n)e!”

  1. Fantastisk å få lese om dette.
    Fantastisk at nokon grip tak i ei motteten korg.
    At foten datt av, har truleg berga etterfølgarane av den.
    Eg blir så glad.

    Liked by 1 person

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.