Som korgmakar kjem ein gjerne borti forskjellige spørsmål.
I våres fekk eg spørsmål om å reparere denne fine barnestolen laga i pil og noko peddik/manila. Kanten var knukken av ryggen, og eigar ville reparere.
Stolen har stått på vent ein stund, då eg har vore opptatt med splitting av selje og hassel og å setja opp utstillingar, men no var tida inne!
Det er noko eget med å reparere ting som har vore brukt og satt pris på i mange år. Det gjer ei god kjensle å vite at den jobben eg gjer kan bidra til at stolen vert brukt i nokre generasjonar til!
Det som var øydelagt var kun kanten, som gjekk i eitt frå fletta nede på beinet, rundt ryggen og fletta ned på neste bein.
Eg vurderte å ta opp heile ryggen, sidan kanten jo eigentleg begynner ved setet. Men fant at eg vil prøve å skjøyte stakene i kimningen øvst på ryggen. Det ville vore ein mykje større jobb å skifte ut all flett heilt ned til sete, og sidan kunden først og fremst ynskte reparasjon, og ikkje ein ny stol, endte eg opp med denne løysinga.
Eg likte den fine flettekanten på denne stolen, og vart nøgd med resultatet. Litt fargeforskjell er det på den nye fletten, men det vil jamne seg ut etter ei stund.