Utstillinger av prosjektet Splitter Pin(n)e og Gjenskaping av vedmeis

Den siste månaden har me jobba for å få ferdig alt og klargjere åpning av utstillingar på Agatunet og på Hardanger Kulturgalleri.
No er begge utstillingane opna, og vert ståande til slutten av august – så om du har lyst å sjå, er det fortsatt mogleg!

Utstillinga Splitter Pin(n)e på Agatunet

Med støtte frå Kulturrådet, Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige formål og Kvam Herad. 

I denne utstillinga har eg sett fokus på splitting av materiale, som er ein dominerande teknikk i korgmaking i Norge, der relativt grovt material vart nytta til fletting. Splitting av blant anna hassel, selje, hegg, einer og pil. 
Kunnskapen om dette er i ferd med å døy ut, det er svært få som kan formidle kunnskap om innhenting av riktig type material til riktig tid, og riktig foredling av dette.

Dette prosjektet er meint som eit bidrag til å ta vare på og vidareformidle noko av den kunnskapen. Det er uendelige unytta ressursar i vårt kulturlandskap som er i ferd med å gro igjen, som ein konsekvens av at desse ressursane ikkje vert nytta.

Korgene i utstillinga gjenspeiler prosessen med å lære lokale materialer og tradisjonelle teknikker å kjenne.

Prosjektet er eit samarbeid med Samson Øvstebø som er tradisjonsberar og støttespillar i prosjektet. 

Alle korgene i utstillinga er laga i samarbeid med Samson. Her er det sendingskorg med fletta sider, kiper, lefsetine, soppkorg, flisefat og vedmeiser.
Utstillinga består av 11 korger av ulike slag der fellesnevneren er at dei er laga i splitta materiale. Materiala som er brukt er brakje (einer), selje, hatl (hassel), hegg og furu.

Omgjevnadene på Agatunet er ei fatastisk ramme for korgene, og dei gjer seg godt i lag med gamle korger som høyrer til på tunet.
Bilete på utsida av døra er av fotograf og korgmakar Knud Knudsen frå Tokheim.

Denne utstillinga opna 2 juni, og vert ståande til 1 september

Utstillinga Gjenskaping av vedmeis på Hardanger Kulturgalleri

Denne utstillinga omhandler vedmeisen, ei korg som vart laga på Hedmarken, og fokuserer meir på prosessen med å lage ei korg enn sjølve korga. Frå skog til ferdig korg.
Med korger i forskjellige stadier og bilete som dokumenterer prosessen, er utstillinga ei fortelling om korleis ein kan lage ei vakker, holdbar og praktisk korg frå eit seljekratt.

Med dokumentasjon frå Norsk Handverksinstitutt, har eg og Samson Øvstebø jobba i lag, – for å gjenskapa vedmeisen. 
Som me kjenner til, er Arne Jensen, som Håndverksinstituttet hadde prosjekt med i 91, den siste som laga vedmeisar for sal. 
Me har dermed ikkje fått overført kunnskapen direkte frå tradisjonsberaren, men jobba ut frå film og bilete.
Det har vore ein utfordrande og spennande prosess, der me har tileigna oss kunnskap om korleis å tilvirka materiale. Me byrjar å få i fingrane korleis stikkene og banda skal kjennast ut og når forma byrjar sjå bra ut. Likevel er det mykje att å læra om desse korgene og om selja som materiale.

For meg har dette vore ein fantastisk måte å læra på – der eg har tilgang til Samsons visdom og støtte, medan me saman har funne ut av det med å fletta korga.

Dei fantastiske lokalene på Hardanger kulturgalleri, og landskapet rundt, gjev ei perfekt ramme for bileta og korgene, som kjem nett frå den type skog som omkransar galleriet.

Denne utstillinga opna 2 juli og vert ståande til 20 august.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: